Velkomen til Sogelandet!

Ei god samtale

Øvre Telemark er kjend for sin rike forteljartradisjon. Sogelandet byd på eit vidt spekter av førestillingar, friluftsspel, vandringar og tilstellingar der du på ulike måtar kan få oppleve sogetradisjon og folkeleg forteljarkunst. 

Les meir her.

AKTUELT
Stimuleringsprisen 2009

Sogelandets sin stimuleringspris for 2009 gjekk til Hæge Manheim, Seljord. I styret sitt vedtak står dette om prisvinnaren:

Stimuleringsprisen for 2009 går til Hæge Manheim. Hæge sin innsats har vore med å berga Seljordspelet, landets nedst eldste utespel. Ho har eit smittande engasjement og hennar profesjonalitet har skapt ein kvalitetsheving i alle ledd. Samarbeid mellom amatørar og profesjonelle er ein balansegang og Hæge har vore ei føregangskvinne i det arbeidet.

Prisen vart dela ut av nestleiar i styret Elizabeth hagen på eit ekstraordinært årsmøte på Norsk Skieventyr i Morgedal 7.desember

 

På grunn av stort arbeidspress og nye arbeidsoppgåver som utbygginga av Vest Telemark Museum fører med seg, har Dag Rorgemoen signalisera at han vil trekke seg som styreleiar for Sogelandet SA.

På det ekstraordinære årsmøte som var på Norsk Skieventyr i Morgedal 7.desember vart Tarjei Gjelstad samrøystest valt som ny styreleiar for Sogelandet. Dette var i samråd med innstillinga frå valnemnda.

Me takkar Dag for hans innsats og ynskjer lykke til med det vidare arbeidet for Vest Telemark Museum.