Velkomen til Sogelandet!
Øvre Telemark er kjend for sin rike forteljartradisjon. Sogelandet byd på eit vidt spekter av førestillingar, friluftsspel, vandringar og tilstellingar der du på ulike måtar kan få oppleve sogetradisjon og folkeleg forteljarkunst.
Eventyrforteljing og framseiing av soger og segn, gjerne i samanheng med kveding, spel og dans, er dei tradisjonelle utrykksformene på dette området. Så kom konsertane og utespela, og sette det heile inn i ein scenisk samanheng. Mange soger og segn er knytte til visse landskap, det vera seg ein gard, ein sti, eit fjell eller eit vatn. Etterkvart er det også blitt utvikla ulike tilbod der ein kan få oppleva soger og segn i landskapa dei er knytte til.
Sogelandet har som mål å vera ein pådrivar for kulturell og økonomisk verdiskaping gjennom formidling av lokalt sogemateriale. Med bakgrunn i dette har Sogelandet gjennom samarbeid mellom lokale utøvarar over dei fem siste åra (jf. oppstart 2005) bygd opp eit variert og innhaldsrikt program med sogetradisjonen som klangbotn. På mange av arrangementa er det også høve til å prøve ut tradisjonsmat i ulike lokale variantar.
Sogelandsarrangementa er spreidde i heile Øvre Telemark, som omfattar kommunane Tinn, Hjartdal og dei seks Vest-Telemarkskommunane Seljord, Kviteseid, Nissedal, Fyresdal, Tokke og Vinje.