Sogelandet byd også i år på konsertar, spel og førestillingar med rotfeste i den rike sogetradisjonen i Øvre Telemark. Arrangementa føregår i stor grad ute i det fri, - i år enda til både til land og til vanns! Det blir ei rekke arrangement med stor spennvidde frå Tuddal i aust til Haukeli i vest. Stadene det vil føregå er Tuddal, Hjartdal, Seljord, Kviteseid, Morgedal, Nissedal, Fyresdal, på Åmdals verk, i Haukeli og på Møsstrond. Her fylgjer programmet for 2010. Meir informasjon under kvar lenkje (Klikk på tittellina). 6.-12. juni, Slåttefestivalen/NM i ljåslått, Hjartdal Sjølve slåttetevlinga føregår laurdag den 12. juni og er ei heil lita førestilling i seg sjølv. Det blenkjer i ljåblad og haglar med kommentarar. Men festivalen rommar også kyrkjekonsert sundagen i førevegen og eit rikhaldig kulturprogram sjølve slåttehelga. Tradisjonar, forteljing og folkemusikk står i sentrum. Blant årets artistar finn me m.a. Knut Buen, Hallgrim Berg, Åsmund Nordstoga med band og Bygdebris. Fødedagen til Sondre Norheim blir markert i ord og tonar og praktisk handling, - med kåseri og felespel, skimaking og binding av vidjespenningar, strikkekunst og tradisjonsmat. Hallgrim Berg vil som president i Nordmannsforbundet føre oss i Sondre sine spor ut i verda. Frå spinnesida kjem den folkemusikalske strengetrioen Glima. 12. juni, Rallardagen, Åmdals verk Breispektra kulturarrangement i Rallarparken. Rallarspelet har pause i år, men glimtvis kan det dukke opp ein og annan rallar likevel. Konsert og jubileumsmesse i kyrkja, utstillingar og kyrkjekaffi m.m. 17.-19. juni, Haukeliseterfestivalen Intim folkemusikkfestival i eit gamalt knutepunkt mellom aust- og vestland. Ei kulturhistorisk pilegrimsvandring gjennom bygdene i Vest-Telemark over Haukelifjell til Røldal stavkyrkje. 25. juni, Seljordspelet 2010: "Der spelemenn møtest" Seljordspelet er i år delt i to mindre spel, og det eine går føre seg under Seljorddagane og midt i Seljord sentrum. Garden Lomodden var i si tid vertshus og ein naturleg møteplass for bygdefolk og reisande. Med låvebrua som ”musikkpaviljong” sette spelemenn frå fjern og nær kvarandre i stemne. Det sterke teatermiljøet i bygda spolar tida attende i Lomoddokki. Stykkjet er skrive av Sigurd Telnes. 12. juli, Folkemusikk i fjellheimen, Møsstrond Det blir friluftskonsert med fjøllmantonar og folkeleg forteljarkunst når ei rekkje utøvarar frå fjern og nær kjem til Hill og Trygve på Austli. To fargerike humørspreiarar på eitt brett; Knut Buen får vitjing av kulturisten frå Hallingdal, Hallgrim Berg. Saman vil dei bjode på hermur og sogur frå aust og vest, krydra med villspel på hardingfele, seljefløyte og munnharpe. Og etterpå er det bygdedag med utstillingar og marknad i Tonehall og på bygdetunet. 23.-24. juli, Olsokspelet i Fyresdal: ”Det kjem ein framand…” Sommarnotta senkar seg over Fyresdal og livet går sin gang. Hestar blir selde og grensesteinar flytt. Men så kjem ein framand og vil halde skjemt... 24. juli, Historisk vandrespel i Folkestadbyen, Fyresdal 26. juli: Håvardspelet II, Møsstrond Fjorårets jubileumsspel om Håvard Gibøen (1809-1873) blei ein suksess, og i år er det duka for nye vinklingar på den legendariske spelemannen frå Møsstrond. Blant dei medverkande er m.a. Per Anders Buen Garnås, Øystein Romtveit og vertskapet Trygve K. Vågen og Hillborg Romtveit. Marispelet ved Rjukanfossen i Tinn, Pause i 2010 15. august, Hjuringen sat på bergjet det blå, Hjartdal Kvedaren Ingvill Marit Buen Garnås og lur- og bukkehornblåsaren Sissel Morken Gullord framfører forteljingar, songar og tonar frå gjetarlivet. Familieførestilling for dei mellom 0 og 110, ute i det fri, i Kulturlandskapssenteret sin regi. 10.-12. september, Dyrskuspelet 2010: ”Ein sjans he’ kome te’ kånn” Stadbunden folkekomedie med innlagd road movie. Dette er ei fortsetjing av Dyrskuspelet 2009, som blei svært godt motteke av publikum og presse. Me fylgjer på nytt den uforliknelege familien Myljomtveit og deira møte med omverda og Dyrsku’n. Dyrskuteatret er eit samarbeid mellom stiftinga Seljordspelet og Grenland Friteater. Løpande arrangement gjennom heile sommaren: Framspel og Nisserglimt, Nissedal Opplev ein annleis båttur og sjå biletglimt på Nisser frå fortid og nåtid. Spelstykkje og tablå både til lands og til vanns. Møt opp på eller ved M/S Fram den 14.06, 02.07, 16.07 eller 30.07.