Kva er Sogelandet?

Sidan 2005 har ulike kulturaktørar i Øvre Telemark samarbeidd om å formidle forteljartradisjon gjennom prosjektet Sogelandet. Den 17. januar 2008 blei Sogelandet SA stifta. Ei oversikt over luteigarane finn du her.

Frå føremålsparagrafen:

Føremålet til Sogelandet SA er å vera ein pådrivar for kulturell og økonomisk verdiskaping gjennom formidling av det lokale sogematerialet som ein finn i kommunane i Øvre Telemark. Sogelandet SA skal synleggjere regionen som ein spanande kulturkrins og knytte til seg aktørar i kulturfeltet som kan verkeleggjere dette føremålet.

Sogelandet dyrkar forteljarkunsten i Øvre Telemark, og skal gjennom dette utvikle seg til eit merkevarenamn for regionen. Arrangementa skal spegle mangfaldet i sogetradisjonen, og kan omfatte alt frå spel og førestillingar til konsertar og sogevandringar og ev. andre type kulturarrangement med eit sogeaspekt ved seg.

Viktige satsingsområde er kompetanseoppbygging, koordinering og samla marknadsføring. Arbeidet i Sogelandet har i mange år vore finansiert av midlar frå Fellesfondet for Øvre Telemark. Det arbeidast med å finne trygge økonomiske rammer for den vidare drifta.

Styret:

Styreleiar: Tarjei Gjelstad 3848 Morgedal, Kviteseid kommune. Tarjei er avdelingsleiar ved  Vest Telemark Museum og har sin arbeidsplass på Norsk Skieventyr i Morgedal . Han har god kjennskap til  Øvre Telemark sin kulturarv og tradisjon. mailto:tarjei@morgedal.com  eller tlf. 47450533

Styremedlem: Elisabeth Hagen 3840 Seljord, Seljord kommune. Elisabeth er aktiv i Seljordspelet og er å treffe på e-post:  elisabeth@kvalem.no  

Styremedlem: Einar Søreide, 3850 Kviteseid. Einar har eit mangårig politisk engasjement i Kviteseid kommune og har god kjennskap til Vest Telemark gjennom sitt arbeid. Han er å treffe på e-post: esoreide@online.no

Styremedlem:  Leif Harald Langåsdalen, Hjartdal. Ein av drivkreftene i Slåttefestivalen, er å treffe på e-post l-h-lang@online.no.

 

Varamedlem: Torgny Strand Moripen, Fyresdal og Anne Oddny Foldøy, Kviteseid

Administrasjonen:  Sjå Kontakt oss