Velkomen til Sogelandet!
Øvre Telemark er kjend for den rike forteljartradisjonen sin. Sogelandet byggjer vidare på dette, og byd på eit vidt spekter av førestillingar, friluftsspel, vandringar og tilstellingar tufta på sogeformidling og folkeleg forteljarkunst.
Les meir her.
Status for Sogelandet
Det arbeidast med vidareføring og vidareutvikling av Sogelandet frå 2012: Frå å vera ein rein arrangementskalender vil Sogelandet med tida kan hende også kunne bjode på eit samla og heilskapleg opplevingstilbod i form av kulturstigar og stoppestader med soger per mobil og nettbrett, samt forteljingar og forteljarar knytt til destinasjonar innan kulturminne og kulturlandskap i Øvre Telemark. Me vonar dette er ei satsing som vil samle kreftene på feltet.
Levande formidling av tidlaus kulturarv, det er Sogelandet!